20 bilder i slidesserien

Slidesløsningen på toppen av Herison.no ser ut til å ha vært et godt valg for et nettsted som vårt, og den skal videreføres som et fast innslag etter Beta-perioden.

 

Også denne bildeserien vokser smått om senn og har nå en beholdning på 20. En tilfeldig utvalgt serie vises hver gang hovedsiden åpnes. Vi satser på en viss utskiftning når beholdningen er blitt stor nok.

 

Bruk kontakt­skjemaet

E-postkontoen post@herison.no kan brukes først etter den offisielle åpningen av nettstedets Beta-versjon. Derimot kan kontaktskjemaet allerede nå brukes til både det ene og det andre.  Opplysningene tilknyttet kontaktskjemaet er oppdatert og utvidet 26.06.14

 

Fra Søndre Brevik. Mot Moss.
Foto: Svein-H. Strand

 

Pjåken.
Foto: Sturla Strand

 

EN AVLEGGER

Etter en nøye avveining blant utgiverforetakets forlengst registrerte domener, ble det Herison.no som ble Lokalmagasinets første avlegger. 

 

Det ble stadig mer klart at vi trenger et Son-fokusert magasin med plass og design for flere og større bilder.  

Samtidig skal det være oversiktlig og med lett tilgang til stoffet. Med blant annet flotte bildeserier skal vi portrettere Hollender-staden, og etter hvert også folk som bor her. 

 

Kort sagt: Bilder, reportasjer og artikler. Nyhetene og aktualitetene med mer må du fortsatt til Lokalmagasinet.no for å finne.

 

Det skal være en sterk intern lenking mellom de to nettstedene. Sammenkoplingen av de to domenene skal ikke skje før det nye nettstedet blir offisielt åpnet i løpet av mai. Leserne kan da selve velge hvor de vil gå inn og fra hvilket av nettstedene de vil gå ut av besøksesjonen.

 

Her kan du lese mer om Herison.no. 
 

Alicenborg.
Foto: Svein-H. Strand

Litt av kvart før eg flyg av garde!

LM Arkivfoto (Copyright ©)

(Frå Lokalmagasinet.no laurdag 2. januar 18:23 i det Nye Året)

Som redaktøren allereie har sagt ifrå om tidlegare i dag, så farer eg og Rudolfsen av garde før denne dagen er omme. Og som han heilt korrekt la til: Den siste snutten min denne gong har eg knota på, att og fram, i nokre dagar.
   Kva eg har nytta tida til når eg ikkje har snutteknota og hatt gode romjulssamtalar med redaktøren om nissefolket? Det kan eg faktisk ikkje seie alt om. Ikkje berre ville snutten bli for lang, men noko av dette er det nemleg tru det eller ei teieplikt om.
   Berre eit lite hint eller to: Kvifor trur dykk at ekvipasjen ligg under vengene til det nasjonale Luftkontroll-systemet dykkar?
   I motsetnad til kva dykk alle sikkert har trudd: Eg og Rudolfsen og dei andre av dei mange Jule-ekvipasjane til Nissefolket landet rundt er ikkje avhengige av å få tildelt ei bestemt rute til ei bestemt tid i luftrommet.
   Jada, godtfolk, vi klarte oss jo i gamle dagar óg! Vi må ikkje bli historielause her på berget! Det luftborne gavedrysset frå den norske nissen er kort sagt eldre enn den norske luftsfartshistoria, ho-ho.
   Samarbeidet som bestemmer presis når i kveld det blir takeoff frå Nisseløkka her, det  er tvert om ei handsrekning til det moderne Noreg med ei teknologi som på sitt vis er på høgde med nissefolket sitt.
   Kor gammelt det norske nissefolket er? Det er litt forskjellig frå slekt til slekt. Kvar av slektene driv si eiga forsking om dette. Ei gong anna kvart år blir det halde Stormøte i Dovrehallen med utsendingar frå alle dei seks hovudsamfunna som kvar slekt ligg under.
   Men då høyrer eg at vi skal i lufta om litt! Reiseklar har eg vore sidan i går, så då seier eg berre to tusen takk for nokre framifrå dagar, der eg også har fått ta del i sosiale hendingar i høve til eit viss jubileum for redaktøren.
   Offisielt har eg jo ikkje vore blant gratulantane, i tråd med nissefolket sin tusenårige tradisjonar, må vite. Men eg kan røpe at det blei både ein og to brennsterke krus med "Nissens Jubileums-Gløgg" ein av dei trivelege pratekveldane vi hadde her i skjulet hos meg.
   Ha det godt til neste jul, kjære leserar! Og husk at snuttane mine no blir fast lagervare på Herison.no!

Beste helsing frå Nissefar!

Men så mange opplevingar!

(Frå Lokalmagasinet.no 5. Jóledag!)

Som jo alle veit no, så blei det mykje fram og attende med julesnuttane mine. Men før det er for seint og turen går heimatt til Sunnmørs-alpane, må eg berre få sagt at eg også i år har hatt ei makalaus tid her hos dykk i Jula 2015!
   År for år ser eg at den gamle Hollenderstaden med omegn legg på seg. Kor mange hus eg har vore innom med pakkar til snille barn, frå Søndre Brevik til Kjenn i nord, det har eg ikkje tal på. Men det blei i år sånn at julaften ikkje strakk til, rett nok godt hjulpen av at eg kom litt seint i gang.
   Dermed fekk eg og Rudolfsen, som dyret vil bli kalla no for tida, oss ein frisk tur også utpå 1. Jóledagen.
   Det eg likar så godt her i traktene er den spontane venleiken eg ser og høyrer så snart ei dør opnar seg for framandkaren. Og eg trur faktisk ikkje det berre er pakkane eg tryller fram som gler folk.
   Innomhus blir eg så beden på både kaffi og julekaker. Eg må så altfor ofte takke nei, av grunnar eg vil tru lesarane forstår. Men ein aldri så liten prat prøver eg alltid å ta meg tid til. Ein blir jo ikkje tissatrengt av det, ho-ho!
   Å glede dei små, det er og blir mi hovudgjerning i juletider, la det vere klart som juleklokkenes klang! Men dei korte, trivelege passiarane med voksenfolket kunne eg ærleg talt ikkje klart meg utan.
   Kva praten går om, det lyt vente til ein annen snutt. For no er denne slutt! Nissefar

 

Ikkje den store snuttejula, nei!

(Frå Lokalmagasinet.no 28.12.15 - Skriven 2. og 3. Jóledag!)

Hei igjen alle saman. 2015 kjem ikkje til å gå inn i historia som den store snuttejula for Nissefar på vitjing i Son. For 1. dag-snutten blei det rot med dødtida. Så lærte eg at redaksjonen var stengt 2. og 3. dag dette året.
   Og ikkje berre dét: Det var plent umogleg for meg å få sleppe til på Nyheitsdesken for å få lagt ut snutten på eiga hand!
   Dermed, kjære leserar, blei det jo berre rot med aktualiteten. Ja, så mykje har eg lært om denne bransjen, at det er det nye og aktuelle som er motoren for alt saman. I mitt tilfelle: Kva eg opplever dag for dag før eg og reinsdyret igjen setter kursen nordvestover.
    No gjeld det å rette opp fadesen dei siste dagane, med rapportar som eg kan stå for både her og heime i Sunnmørsalpane. Ja, dei fylgjer med, nissefolket, skal du vete!
Nissefar

 

Snutten min for i dag blei, hmm...

(Frå Lokalmagasinet.no 25.12.15 - Fyrste Jóledag!)

Kjære leserar, levering og publisering av snutten min blir i dag nokre timar etter den dødtida eg har fått oppgitt av redaktøren. (Veit han ikkje at det er jul, he-he.)
   Det er så mykje anna eg blir beden om å gjere heromkring, og eg er jo av natur ikkje ein som seier nei til å ta del i spontane samankomster i jula, så langt derifrå! Men ver trygg folkens, snutten kjem, om ikkje så brått!
   Eg nyttar også høvet til å melde om redaktørens nye, geniale vri med å sende snuttane mine vidare til Herison.no dag for dag under opphaldet med base på Nisseløkka.
   Til snutt, nei til slutt går alle saman inn i evigheita – i tydinga arkivet til det nye ekstramagasinet med det spanande potensialet! Eit prosjekt som det har vore mykje, veldig mykje prat om i nynorskland på Sunnmøre. Nissefar.


DEL 2: Nei og nei, då er det midnatt om nokre små minuttar! Eg hadde reint glømt kor tøfft dødtid-regimet er i ein redaksjon.
   Men nokre ord blei det jo i del 1, ikkje sant? Og så får vi berre sjå kva som passar som dagens tekst på 2. Jóledagen. Nissefar på jordet...

Vart du redd no, redaktør?

(Frå Lokalmagasinet.no 24.12.15 Julaften! Sjå ellers innleiinga i snutten nedanfor.)  

Jada, her er eg komen til Nisseløkka! Takk og takk til dykk vertsfolket for at kaffekverna, med beste sort nissekaffe i, var satt fram i skjulet, som alle åra før. Og så sanneleg lå det denne gong også eit nummer av Vangsgutane, det beste juleheftet i hele verda, ved siden av sengehalmen! Rett nok var det 2012-årgangen, men den fekk eg faktisk ikkje tak i nokon stad på Sunnmøre det året.

   Tusen, tusen takk for at eg også kan få ta det med meg heimatt til alpelandet! Endå eg var stupandes trøtt etter den lange turen, og kom seint fram, så las eg heile heftet til det nestan blei morgonen. Eg har lest opningssnutten din, redaktør? He-he, vart du redd no? Slapp av, ingen ting gjekk eigentleg gale med turen i år heller. Men nokre hendelsar fekk eg oppleva med epipasjen min. Det får bli emnet for morgondagens snutt.

   No må eg skynde meg avgårde med julepakkane til dei snille små som ventar så spent i mange julepynta stover i dei stadig fleire husa her omkring. Kanskje blir det noko også til deg, redaktør, hvis du har vore snill i år, ho-ho. Eg høyrer at du blir reine barnet når jula ringer inn. Då finn du nok pakka på trappa i morgon tidleg. Ha ein triveleg kveld! Nissefar.

 

KJEM LM-nissen også i år?

 

(Frå Lokalmagasinet.no 23.12.15. Nissestoffet blir i år lagt her dagen etter at det har vore brukt i LM. Etterpå blir alle snuttane lagt i arkivet på Herison.no. Dei frå i fjor (tittellenkje i venstremargen) får då eit etterlengta selskap, ho-ho!)
Kjem han den lange vegen frå Sunnmørsalpane til Nisseløkka i Son også denne jula? Ja, sanneleg om eg veit! For fyrste gong har vi nemleg ikkje høyrt frå ham i førevegen, endå det er blitt seint på lille julaften. Ikkje eit kvekk!
   Har han og reinsdyret blitt tekne av ei drone? Har luftkontrollen på Hurum satt ned foten for den tradisjonsrike flighten? Huff, nei, det blir berre dårleg nattesvevn av å spekulere. Me lyt vente og sjå, og så vil eg håpe og tru at vi får ei positiv løysing på mysteriet utpå dagen i morgon.
   God natt og søv godt kor enn du er, luringen Nissefar! Red.
Herison Her i Son Vestby kommune portal startside havn kyst kultur kystkultur opplevelser Oslofjorden Akershus
web: info helgeland