20 bilder i slidesserien

Slidesløsningen på toppen av Herison.no ser ut til å ha vært et godt valg for et nettsted som vårt, og den skal videreføres som et fast innslag etter Beta-perioden.

 

Også denne bildeserien vokser smått om senn og har nå en beholdning på 20. En tilfeldig utvalgt serie vises hver gang hovedsiden åpnes. Vi satser på en viss utskiftning når beholdningen er blitt stor nok.

 

Bruk kontakt­skjemaet

E-postkontoen post@herison.no kan brukes først etter den offisielle åpningen av nettstedets Beta-versjon. Derimot kan kontaktskjemaet allerede nå brukes til både det ene og det andre.  Opplysningene tilknyttet kontaktskjemaet er oppdatert og utvidet 26.06.14

 

Fra Søndre Brevik. Mot Moss.
Foto: Svein-H. Strand

 

Pjåken.
Foto: Sturla Strand

 

EN AVLEGGER

Etter en nøye avveining blant utgiverforetakets forlengst registrerte domener, ble det Herison.no som ble Lokalmagasinets første avlegger. 

 

Det ble stadig mer klart at vi trenger et Son-fokusert magasin med plass og design for flere og større bilder.  

Samtidig skal det være oversiktlig og med lett tilgang til stoffet. Med blant annet flotte bildeserier skal vi portrettere Hollender-staden, og etter hvert også folk som bor her. 

 

Kort sagt: Bilder, reportasjer og artikler. Nyhetene og aktualitetene med mer må du fortsatt til Lokalmagasinet.no for å finne.

 

Det skal være en sterk intern lenking mellom de to nettstedene. Sammenkoplingen av de to domenene skal ikke skje før det nye nettstedet blir offisielt åpnet i løpet av mai. Leserne kan da selve velge hvor de vil gå inn og fra hvilket av nettstedene de vil gå ut av besøksesjonen.

 

Her kan du lese mer om Herison.no. 
 

Alicenborg.
Foto: Svein-H. Strand

Fem snuttar frå nissens vitjing jula 2014

 

Tusen takk for meg!

 

LM arkivbilete. Copyright ©

 

Mandag 29.12.14. 23.56. Hallo der, LM-lesarar, for siste gong denne jula. "Utpå dagen" blei endå ein gong på denne vitjinga ein svært seint skriven snutt. Saka er den at eg kanskje ikkje får grønt lys for å ta til med ferda heimat før utpå den nye dagen.

Det kan rett nok bli allereie i natt, seier dei på Hurum som overvakar luftrommet. Og i natt, ja allereie om ein liten halvtime i skrivande stund, er det ein ny dag med ny dato. Eg, gamle nissen, har enno ikkje vent meg til desse datoane. At det så å seie blir ein ny dag – sjølv i svarte natta som no – så snart ein er på midnattsstreken, det var heilt uhørt på dei første juleturane i mine unge dagar.

Men sånn er det blitt, og ein lyt følgje med i tida om ein skal få respekt som nisse på 2000-talet. Eg skal i alle fall gjere mitt for at redaktøren får publisert saka før vi har ny dato. Så får det heller bli ein stutt snutt sjøl om eg har mykje eg skulle ha sagt om sjølve opphaldet og det eg har sett, lest og høyrt om alt som skjer bygda!

Eg har på sett og vis brukt litt for mykje tid og plass i år til innføringa om nissearten. Men eg skriv også litt i Nissebladet der heime, og har etter kvart lært at ein tidleg må velje ei hovudlinje for "snuttar på rad", som vi kaller denne sjangeren hos oss, halde seg til den og så berre ta nokre avstikkarar for å friske litt opp eller "runde han av".

Kanskje blir eg faglærar i snutte-journalistikk på mine eldgamle dagar når kroppen ikkje lenger orkar all turbulensen over langfjella.

No då: Tusen hjarteleg takk for eit umåteleg gildt besøk på Nisseløkka endå ei jul. Ha det godt alle saman, og ta dykk i vare i det nye året, så sjåast vi igjen på julaften 2015!

Nissefar

 

Litt om kven vi er

 

LM arkivbilete. Copyright ©

 

Søndag 28.12.14. 23:17.  Ho-ho, og god, seinjulesøndag i hus og heim! Eg varsla i går (jada, det blei seint – datoen blei såvidt rett!) at snutten min i dag på 4. juledag kom til å bli om nissen og bursdag. Til forskjell frå fødselsdag, sidan nissen ikkje er født på ein særskilt dag, så langt nokon veit. Neste temaet gav seg liksom av seg sjølv etter streikestøntet mitt som skræmde redaktøren så grueleg, ho-ho.

I dag kan eg legge til og streke under, at den norske nissen – kall han gjerne fjøsnissen – eigentleg ikkje har vore her i all tid, som eg skreiv. Dét har jo sjøl ikkje menneska. Men litt tabloid blir ein jo fort av å skrive i media, ho-ho.

Nissen, fjøsnissen eller smånissen høyrer til blant primatane; vi er nok av huldrefolket vetene og dei meir utbredte gnomene, og historia vår strekker seg om lag 2000 år bakover i tida.

Vi lever spredt omkring på landsbygda og kan bli svært, svært gamle. Utan å røpe min eigen alder – det høver seg ikkje for ein sprek Sunnmørsnisse – så er 400 år ingen uvanleg alder for ein artsfrende.

Eit enkelt reknestykke syner at det ikkje er mange av oss som er gått bort. Der har du også forklaringa på at det til no berre er eitt nisseskjelett som er avdekka i jorda. På Vestlandet ein stad, i en gravhaug etter ein bonde, låg det som kan ha vore min snippsnappsnupp-oldefar, ho-ho.

Dei siste åra har ein av dei mange einingane på Universitetet i Bergen stilt ut det vesle nisseskjelettet kvar jul. Det synest eg er ein høveleg måte å gjere ære på noko av det norskaste vi har, utan å lage ei stor og tabloid sak ut av det!

Utpå dagen i morgon reiser eg med reinsdyra attende til Sunmørsalpane så sant eg får véret og Kontroll-sentralen på Hurum på mi side. Ein liten LM-snutt til, og så er eg mest truleg avgarde mot nord i den vanlege nisseleden over langfjella.

Takk for denne fine julesøndagen, no skal eg berre pakke dei viktigaste tinga før eg kryp i halmen for å få meg ei reisestyrkande natt!

Nissefar

 

Nissen har bursdag!

 

LM arkivbilete. Copyright ©

 

Lørdag 27.12.14. 23:56. Hei igjen kjære lesarar. For å gjere ei lang historie kort, så har eg og redaktøren i dag skværa opp, skriftleg óg. På eit dokument vi har satt namna våre på, står det retten og sletten at nissen i prinsippet og generelt, i eintal og fleirtal, har bursdag. Bursdag.

Merk dykk at ordet fødselsdag ikkje står ein einaste stad. Ein fotnote nederst i erklæringa forklarar det med at nissen alltid har vore her og av den grunn ikkje kan ha ein fødselsdag. Kvar og ein nisse har likevel rett til å velje seg ein bursdag.

Til slutt i dokumentet klargjer vi at vi med omgrepet "nissen" meiner den gamle norske nissen; han som feirer jul saman med oss og som vi kjenner under navn som fjøsnissen, grøtnissen og tomtegubben.

I morgon 4. juledag skal dagboka mi mellom anna handle om at det er funne eit eldgamalt spor av den norske nisseskapningen.

Så eg rundar av for i dag på same viset som redaktøren så ofte gjer: Følg med!

Nissefar

 

 

Har nisser bursdag?



LM arkivbilete. Copyright ©

Fredag 26.12.14. 21:59
LM-nissen er seint ute med dagboka si i dag óg. No er det ikkje redaksjonens dataproblemer å skylde på. Så kva er det? Hør, høyr, og hald dykk fast i stolen, godtfolk:

LM-nissen kunne, så tidleg som ved morgongrauten, forkynne med høg og alvorleg stemme der i uthuset, at han ikkje berre ville levere seint i dag – han verken ville eller kunne levere eit einaste ord! Ikkje før i morgon, 3. juledag. Sidan i fjor har han nemleg, saman med ei rad kollegaer, organisert seg i Sunnmøre-eininga av Nissenes Rettigheitsforum.

– Men, men..., stotra eg fram – ein nisse er ein nisse, og jul er jul. Så kva er det fagforeininga har prenta inn i nisseskoltene dykkar?

– Jau, svarar nissen – det har seg sånn at LM-nissen har bursdag. I dag. På bursdagen jobbar ingen nisse om han er organisert. Fly no berre bort til redaktøren din og sei det akkurat som det er. Han er jo organisert sjølv, veit eg. At NTL ennå ikkje har vore så framsynt at dei har verna om bursdagane til arbeidsfolket, det ser eg ikkje bort ifrå. Men redaktøren veit så vel at en arbeidsavtale er ein arbeidsavtale, og avtaler er satt opp for å bli halde.
Så eg fór rett bort til redaktøren med LM-nissens overraskande kunngjering. Men redaktøren berre:

– Det der er omtrent det største sprøyt øyra mine har fanga opp, og det er ikkje lite gjennom eit langt redaktørliv! Nissen har ikkje bursdag. Ingen nisse har bursdag! Ingen! Aldri! Om nissefar på truverdig vis kan bevise noko anna, ja så er det ein sensasjon som vil gå verda rundt, og den historia skal vi ha einerett på. Punktum! Research, research!
Denne saka vil halde fram i morgon, og då med nissefar sjølv som penneførar, reknar eg med.
 
oopserver
 
 

Hei, her er eg då!


 

LM arkivbilete. Copyright ©

 

25.12.14. 22:05. Hei alle saman, her er eg omsider med den gamle kaffikverna på Nisseløkka, nære på to døgn etter at eg landa med reinsdyra og ei rad sekkar med julegåver til dei små. Eg fekk fort høyre om dataproblema som brått hadde ramma Lokalmagasinet berre kort tid i førevegen, og at det av den grunn kom til å bli litt avkorta sørvis før natta. Og naturleg nok, forseinka rapportering frå ankomsten.

 

Men med tanke på kor gildt eg har hatt det på mitt eige nisserom i uthuset på dei 11 julevitjingane før, og med mykje spalteplass gjennom juledagane, så har eg ingen verdens ting å klage over denne gong. Som ekte norsk nisse har eg også for vane å klare meg med det meste av praktiske ting, og soveplassen med god og tørr halm var gjort i stand alt før ferda mi frå Sunnnmørsalpane tok til.

 

Eg gjekk heller litt tidleg til sengs, og var særs godt utkvilt då eg vakna ved åttetida til ein stor bolle ekte julegraut med stor smørklatt og godt med sukker og røme. Sånn har eg det her på Nisseløkka i Son!

Resten av julaften gjekk med på det vanlege travle viset med utdeling av pakkar til snille og takknemlege småfolk. Det er ei stor fryd for oss nissefolket å få føre vidare denne lange tradisjonen, det er eg spesielt blitt beden om å seie.

Då høyrer eg at referatet mitt må ut på nettet snarast råd er, så eg seier takk for oppmerksomheita og ser fram til å få litt spalteplass igjen i morgon 2. juledag.

Julehelsing frå Nissefar

 

 

 

 

 

Herison Her i Son Vestby kommune portal startside havn kyst kultur kystkultur opplevelser Oslofjorden Akershus
web: info helgeland